I Sognekraft-konsernet er me 160 engasjerte medarbeidarar som blir inspirert av naturen rundt oss. Vel du også fornybar energi? Då kan du bli ein av oss.

Me har innskotspensjon med 6 % innskot av løn opp til 7,1G og 18 % mellom 7,1 og 12G, inkludert uføre-, ektefelle- og barnepensjon.
Hos oss er matpausen ein del av arbeidstida. Du har 7,5 timars arbeidsdag og 37,5 timars arbeidsveke inkludert matpause.
Som tilsett hjå oss har du personalforsikring 24/7. I tillegg har du heilårs reiseforsikring som dekkjer både jobb- og ferieturar for deg, ektefelle/sambuar og barn.
Alle tilsette har fleksitid. Kjernetida er 09.00–14.30, og elles legg du sjølv arbeidsdagen mellom 06.30 og 18.00.
Ved sjukdom og i foreldrepermisjon får du full løn frå oss, også for den delen av løna som er over 6G.
Me dekkjer 75 % av treningsutgiftene dine, inntil 300 kroner i månaden, og halvparten av behandling hos fysioterapeut, kiropraktor, naprapat eller psykolog, inntil 5 000 kroner i året.
Kraftlaget er bedriftsforeininga vår og skaper møteplassar for kollegaer på tvers av selskapa i konsernet. Gjennom året arrangerer laget ulike sosiale aktivitetar.
Fleire gonger i året samlar me alle tilsette til konsernsamling, julebord og Sognekraftdagen. Me møtest til fagleg påfyll og sosialt samvær på tvers av selskap og avdelingar.
I Sognekraft-konsernet er me 160 engasjerte medarbeidarar som blir inspirert av naturen rundt oss. Vel du også fornybar energi? Då kan du bli ein av oss.

Vil du jobbe i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er me over 160 energiske medarbeidarar – og me vil bli fleire! Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal.
Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
Mangfald styrkar oss, og me ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
På fritida likar me å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Me kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Me skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der me tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Me skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.