

Sognenett er eit lokalt teknologiselskap i vekst. Hos oss deler me kunnskap, heiar på gode idear og utviklar oss fagleg saman med dyktige kollegaer.
Som tilsett får du dekt internett heime frå oss, og jobbtelefon med abonnement.
Me dekkjer 75 % av treningsutgiftene dine, inntil 300 kroner i månaden, og halvparten av behandlingskostnaden hos fysioterapeut, kiropraktor, naprapat eller psykolog, inntil 5 000 kroner i året.
Me har innskotspensjon med 6 % innskot av løn opp til 7,1G og 18 % mellom 7,1 og 12G, inkludert uføre-, ektefelle- og barnepensjon.
Som tilsett hjå oss har du personalforsikring 24/7. I tillegg har du heilårs reiseforsikring som dekkjer både jobb- og ferieturar for deg, ektefelle/sambuar og barn.
Ved sjukdom og i foreldrepermisjon får du full løn frå oss, også for den delen av løna som er over 6G.
Kraftlaget er bedriftsforeininga vår og skapar møteplassar for kollegaer på tvers av selskapa i konsernet. Gjennom året arrangerer laget ulike sosiale aktivitetar.
Fleire gonger i året samlar me alle tilsette til konsernsamling, julebord og Sognekraftdagen. Me møtest til fagleg påfyll og sosialt samvær på tvers av selskap og avdelingar.
I 2007 vart Sognenett AS skipa av lokale energi- og IT-selskap for å sikre eit heilskapleg og godt tilbod til breibandskundar i vår region. Sognenett er i dag størst på fiber i Sogn med kommunane Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Aurland og deler av Høyanger som vårt dekningsområde.
Sognenett IT vart skipa i 2023 og er totalleverandør av internett og IT-tenester. Me heiar på lokal verdiskaping, og har eit sterkt ynskje om å gjere kvardagen enklare for kundane våre. Med lokal forankring skal me vere den naturlege støttespelaren dersom ein opplev IT-relaterte utfordringar.
Som ein lokal tilbydar set me stor pris på våre kundar, og me jobbar til ein kvar tid for å vere eit fyrsteval med konkurransedyktige produkt. Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar – uansett bakgrunn og erfaring – velkommen. Me er opptekne av å byggje eit inkluderande arbeidsmiljø der ulike perspektiv får plass og verdi.