
Alle tilsette har fleksitid. Kjernetida er 09.00–14.30, og elles legg du sjølv arbeidsdagen mellom 06.30 og 18.00.
Hos oss er matpausen ein del av arbeidstida. Du har 7,5 timars arbeidsdag og 37,5 timars arbeidsveke inkludert matpause.
Me dekkjer 75 % av treningsutgiftene dine, inntil 300 kroner i månaden, og halvparten av behandling hos fysioterapeut, kiropraktor, naprapat eller psykolog, inntil 5 000 kroner i året.
Me har innskotspensjon med 6 % innskot av løn opp til 7,1G og 18 % mellom 7,1 og 12G, inkludert uføre-, ektefelle- og barnepensjon.
Som tilsett hjå oss har du personalforsikring 24/7. I tillegg har du heilårs reiseforsikring som dekkjer både jobb- og ferieturar for deg, ektefelle/sambuar og barn.
Ved sjukdom og i foreldrepermisjon får du full løn frå oss, også for den delen av løna som er over 6G.
Kraftlaget er bedriftsforeininga vår og skaper møteplassar for kollegaer på tvers av selskapa i konsernet. Gjennom året arrangerer laget ulike sosiale aktivitetar.
Fleire gonger i året samlar me alle tilsette til konsernsamling, julebord og Sognekraftdagen. Me møtest til fagleg påfyll og sosialt samvær på tvers av selskap og avdelingar.

Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?
Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me over 160 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.
Me i Sygnir er over 80 medarbeidarar. Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal. Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
Sygnir er eit selskap med ambisjonar og sterke røter i kraftbransjen. Hjå oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø som kombinerer tradisjon med nytenking.