Svelgen, Norge
Bremanger, Norge

Erfaren ingeniør

Vi søkjer erfaren ingeniør til vårt kontor i Svelgen
Løpende

Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.


I SFE har vi stor tru på ein desentralisert struktur og har difor tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane. No ser vi etter deg med ingeniørkompetanse og engasjement for å bidra til ei berekraftig utvikling, til å komplettere vårt miljø i Svelgen / Bremanger. Høyrer vi frå deg?


Spennande ingeniøroppgåver

Som ingeniør hos oss vil du vere med på å planlegge og gjennomføre ulike type prosjekt frå start til slutt. Du vil jobbe i tett samarbeid med dine engasjerte og dyktige kollegaer i tillegg til eksterne samarbeidspartnarar. At du er god på å byggje relasjonar kjem godt med – både internt og eksternt.


I Bremanger kommune har vi fleire konkrete prosjekt innan både nybygg og rehabilitering der vi treng ingeniørkompetanse – og du er interessant for oss om du har ditt fagfelt innafor elektro, automasjon, maskin, bygg eller natur og miljø. Du har gjerne med deg erfaring frå arbeid i kraftbransjen, og ditt engasjement for å bygge ny kraft med HMS og berekraft som eit grunnleggjande element er viktig for oss.


Du har helst høgare utdanning, med bachelorgrad eller mastergrad innan nokre av dei fagområda vi treng. Vi er og nysgjerrige på deg viss du har fått din ingeniørkompetanse via ei meir praktisk tilnærming gjennom fagbrev, fagskule og relevant arbeidserfaring.


Difor skal du velje oss!

Hos oss i SFE får du ein spennande og variert arbeidskvardag. Kraftproduksjon handlar ikkje berre om avansert teknologi, men òg om å vere tett på naturen. Som ingeniør hos oss tek du del i arbeidet både inne i kraftstasjonane våre, der teknologi og ingeniørkunst speler saman, og ute i storslagne naturomgjevnader – høgt oppe i fjellet i våre reguleringsanlegg. Ved å vere ein del av heile verdikjeda i frå prosjektering på kontoret til å følgje prosjekta i felt, blir kvar dag unik. Du får fort kjensla av å bidra til noko større - vårt samfunnsoppdrag som er å skape den fornybare framtida


Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i å nytte din ingeniørkompetanse hos oss i SFE. Som ein del av vårt team vil du oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.


Arbeidsplassen din vil vere i Svelgen, Bremanger kommune. Kanskje bur du her eller i nærleiken frå før, eller du kan tenkje deg å flytte hit for ein spennande jobb. Bremanger kommune kan tilby eit rikt og aktivt kulturliv, med gode moglegheiter for friluftsliv til både sjøs og til fjells. Kommunen legg til rette for nybygging og barnefamiliar, med tilskot til bustadbygging og gratis barnehage.


Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!


Vi vurderer innkomne søknader fortløpande.

Sogn og Fjordane Energi