Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.
Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida.