Enivest har dei siste 25 åra vore gjennom ei spennande digital reise - og den er ikkje over endå.
Våre 50 tilsette jobbar hardt kvar dag for å profesjonalisere og utvikle selskapet vidare, og bringe betre tenester til dei 28 000 kundane våre.
Det opphavelege oppdraget til Enivest var å gje alle eit tilbod om internett. I dag er målet vårt å tilby høghastigheits breibandsnett gjennom fiber. Tilgang til fiber har blitt ein føresetnad for å kunne levere stabile og gode tenester.
Vi engasjerer oss sterkt i samfunnsutviklinga i nedslagsfeltet vårt – både gjennom sponsing og aktivt engasjement i ulike samfunnsnyttige initiativ.
Visjonen vår: «Sterkare band» er leiestjerna vår – mellom tilsette, kundar og leverandørar. Vi trur på krafta i fagleg dyktigheit og nysgjerrigheit, og når det kombinerast med ekte engasjement, byggjer vi sterke relasjonar og skapar verdiar som varer.
Vil du vere med oss på reisa vidare?