Eide

Set standarden for framtidas havbruk

Ledige stillinger

Åpen søknad
Automatiker i turnus
Business Controller
Regnskapsansvarleg
Me er forplikta til å leie ei rørsle som redefinerer korleis me oppdrettar fersk, naturleg og berekraftig sjømat for oss sjølve og framtidige generasjonar. Eide-gruppa er ei familieeigd verksemd i tredje generasjon, med ein visjon om å setje standarden for framtidas akvakultur.

Nøkkeltall

4,4 av 5
Gøy-faktor
90 million
Måltider produsert kvart år
100+
Ansatte

Fordeler hos oss

Vekst
Me veks fort, og du vil ha mulighet for å lære og utvikle deg
Karbon Nøytral
Du vil bli en del av ei karbon nøytral verksemd, dediktert til ei meir berekraftig framtid
Flat struktur
Me støttar gode ideer og har ein kort beslutningsprosess
Gøy
Vårt motto er "det viktigaste er å ha det gøy saman"
Familieeigd
Me er ei tredje generasjons familieeigd verksemd med et langsiktig perspektiv

Om oss

Me er forplikta til å leie ei rørsle som redefinerer korleis me oppdrettar fersk, naturleg og berekraftig sjømat for oss sjølve og framtidige generasjonar. Eide-gruppa er ei familieeigd verksemd i tredje generasjon med ein visjon om å setje standarden for framtidas akvakultur. Eide produserer sunn og berekraftig sjømat, og er etter vår kunnskap verdas første og einaste CarbonNeutral®-sertifiserte lakseprodusent. Gjennom strategiske initiativ som Salmon Eye og WaterMoon utfordrar me status quo mot ei meir berekraftig sjømatproduksjon.

Eide dekkjer verdikjeda frå klekkjeri og smoltproduksjon til ferdig bearbeidd fisk. I vårt klekkjeri og smoltanlegg startar laksens liv under gunstige vekstvilkår. Smolten vert så flytta til våre sjøanlegg i Hardanger, Nordhordland og Nordfjord, der me har eit sterkt fokus på fiskevelferd. I 2024 kjøpte me eit slakteri på Brandasund i Bømlo kommune, der me planlegg å bruke avansert teknologi for å sikre skånsam handsaming og høg kvalitet. Samstundes veks administrasjonen vår i takt med verksemda, der eit dedikert team jobbar for kontinuerleg utvikling innan miljøsertifisering, kvalitetssikring og logistikk, med fokus på berekraft og effektiv drift.

2. september 2022 opna Salmon Eye, som er eit toppmoderne monument midt i den spektakulære Hardangerfjorden. Salmon Eye er eit forum som skal inspirere og informere verda om korleis ein kan brødfø planeten med berekraftig sjømat. Med si visuelt slåande, dobbeltkrumma ellipsoide form, er Salmon Eye ein av verdas største flytande kunstinstallasjonar som kan besøkast. Målet vårt er å sjå akvakultur på ein ny, evolusjonær måte.

Watermoon utviklar for tida banebrytande innovasjonar innan akvakultur. Den nye WaterMoon-teknologien er ein viktig strategisk del av Eide-gruppa, som mogleggjer ei revolusjonerande måte å produsere på. Initiativet vil føre til eit paradigmeskifte i vår bransje og setje ein ny standard for akvakultur.

Kvart år sel me om lag 4,5 millionar laks til marknader over heile verda. Det tilsvara 90 millionar måltid! Me arbeider for tida med å vidareutvikle tilbodet vårt, og har som mål å selje eit breitt utval av sunne og berekraftige sjømatprodukt i framtida. Dei tilsette i Eide er ryggrada vår, og avgjerande for å nå måla våre. Deira fokus og omsorg er retta mot fisken, kvarandre og framtida. Me trur på å vekse saman med våre tilsette, og jobbar kontinuerleg med å utvikle eit støttande og framtidsretta arbeidsmiljø.

Hos Eide har me ei flat organisasjonsstruktur, og du vil bli ein del av eit svært innovativt og framtidsretta team. Eide-gruppa er prega av målretta arbeid og ein sterk idrettsmentalitet, og me trur at hardt arbeid og moro går hand i hand. Vår lidenskap for å produsere sunn, berekraftig og velsmakande sjømat for oss sjølve og framtidige generasjonar er tydeleg gjennom heile organisasjonen vår.

For å lære meir om oss, besøk oss på www.efb.no.